Til ei ung jente
Det fins vonbrot så djupe som havet
vesle søster, ikkje gråt
ikkje tru at alt vil skje
ein vakker dag
ting kan skje ein vanleg deg
om du vågar å styre vinden sjølv
du må vite kva du vil
du må vite
vite meir
vesle søster, ikkje spør
kva alle andre ventar av deg
du skal leve dine svar
du skal leve
leve sjølv
det finst vegar så vide som verden
vesle søster, ikkje vent
gå i gang
Åse-Marie Nesse
Comments