Låtten i augo dine er verdas lys.


Lerka i mitt hus,

hald fram med å le.

Låtten i augo dine

er verdas lys.

Le så mykje

at sjela mi, når ho høyrer deg,

slår i rommet.


Din lått gjer meg fri,

gjev meg venger.

Han feiar bort einsemda,

slår ned celleveggane.

Munn som flyg,

hjarta som blir

til lyn på leppene dine



Miguel Hernandez

til norsk ved Helge Torvund

56 visninger

© 2020 by Lisbeth Finsådal

  • Black Instagram Icon