
FOTOGRAF LISBETH FINSÅDAL

glimt av tid
LISBETH FINSÅDAL

Noko har skjedd. Eller det skjedde ikkje. Det var noko annasom skjedde. Eller det skjedde så å seia ingenting. Men noko var det. Alltid er det noko. Og for at det ikkje skal bli borte slik med ein gong, så kan ein ytra seg om det, det som vareller er eller ikkje var, nemna det, signalisera om det, og på den måten ha det nemnt og ytra. Sjå her, her er det nemnt.
Dette var det. Og då ser ein på skrifta eller forma eller
teknikken også spor etter den som rapporterer, den som
ikkje vil glømma det bort slik med ein gong, som blei utsett for det, eller berre fekk det for seg at det skulle nemnast, at det skulle bankast fast eller bli kviskra stilt og ømt eller skrike ut vindauga. Det har skjedd noko. Det var nokon til stades. Vedkommande har nemnt det.
Det er rapportert.
Rune Belsvik
Registreringer
Kunst, kunstnerportretter og utstillinger.
























