top of page

Du skal leike du

Oppdatert: 23. apr. 2021


Dotter


Tenk ikkje på meg

når du dansar

og ler -

ikkje sjå dit eg står

innved grinda ein stad

og ventar.

Du skal leike du,

eg skal stå der eg står

til det lysnar av dag.

Trør du over grasbakken

lett som ei hind,

går eg lykkeleg bort

under nattsvale tre -


Men driv du mot skuggen

med frostblått blikk,

då skal vi følgjast heim.


Anna Skeide

38 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
bottom of page