Eg vil legge meg ned att på jorda
og krype saman med deg.
Eg vil reise meg på kne
og gripe etter solstrålane,
prøve å fange dei
saman med deg.
Eg vil tru at den første
snøen om hausten er sukker,
slik du kjem til å tru
når du ser alt det kvite.
Eg vil heise meg opp
etter ein stol eller ei grind
saman med deg,
og stå som for første gong.
Eg vil gråte når eg er svolten,
skrike etter mat, drikke mjølk
og ete finmalen kalvelever
saman med deg,
om vi bur der mjølk kan finnast.
Eg vil falle og reise meg att,
falle og reise meg at,
som du kjem til å gjere.
Eg misunner deg ditt nye liv!
Ein dag spring du frå meg
med lynrappe føter.
Eg står att, blir tvinga ned på jorda
for siste gong.
Marie Takvam
Comments